Trafikkulukke på Gjermundshamn

Gjermundshamn ferjekai. (Illustrasjonsbilde frå arkivet). Foto: Jonn Karl
Rett før klokka 19 søndag kveld kolliderte to bilar ved ferjekaien på Gjermundshamn.
Totalt tre personar var involvert i ulukka, som skjedde rundt éin kilometer frå ferjekaien, ifølgje operasjonssentralen til Vest politidistrikt.
Politiet har ikkje fått melding om alvorleg skadde, og alle dei tre involverte skal vera bevisste.
Politi, ambulanse og brannmannskap var på veg til ulukkesstaden då vi snakka med politiet rundt klokka 19.20.
Kommentarer til denne saken