Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulukke på Hatlestrand

Laurdag ettermiddag like før 18-tida blei det meldt om ei trafikkulukke mellom Gjermundshamn og Mundheim, like ved Bjørklundtunnelen.

– Det skal vera snakk om ei singelulukke med ein personbil, opplyser Thomas Hallquist, innsatsleiar for brann og redning.

Føraren sat fast i bilen og kom seg ikkje ut, men det blei tidleg klart at mannen kom i frå det heile med lettare skadar.

Mannen blei tatt hand om av brannmannskap frå Ølve, i påvente av at ambulanse og politi skulle komma fram til staden.

Vegtrafikksentralen vest melde litt seinare at det ville bli manuell dirigering på staden.

Denne saka har blitt retta: Kvinnheringen skreiv først at ulukka skjedde på Gjermundshamn. Ulukka skjedde mellom Gjermundshamn og Mundheim, på Hatlestrand.

Kommentarer til denne saken