Trafikkulukke på Husnes

DEL

Klokka 23.42 fredag kveld blei det meldt om ei trafikkulukke på Stripo, rundt 150 meter nord for Husnes Motor.

Politioverbetjent Sondre Solheim fortalde til Kvinnheringen på ulukkesstaden at ein bil med tre personar hadde køyrd av vegen og krasja i eit tre.
(Politiet opplyste først på Twitter at det var to personar i bilen, men retta etterpå til tre).

Solheim fortalde vidare at av dei tre personane framstod éin av dei som uskadd, éin var lettare skadd, medan ein person var skadd og blei henta av luftambulanse.

Politiet visste ikkje kor alvorlege skadar det var snakk om for sistnemnde.

Vegen var mellombels stengd ved ulukkesstaden.

Artikkeltags