Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulukke på Husnes

Like over klokka 12 måndag fekk politiet melding om ei singelulukke på Husnes.

Både politi og helsepersonell var på staden, og det var mogleg for trafikk å passera.

– Det er ikkje registrert noko personskade etter ulukka. Ambulansepersonell har gjennomført sjekk av den involverte på staden, men vedkomande har ikkje blitt tatt med for vidare behandling. Politiet har oppretta sak for å etterforska vidare, fortel vakthavande ved Vest politidistrikt, Stine Mjelde.

Det var éin bil involvert i ulukka, som ifølgje Mjelde skal ha hatt låg fart.

– Akkurat kva som har skjedd er ukjent, men det er ikkje meldt om materielle skadar på tredjemanns eigedom, legg ho til.

Les også

Held fram med vitneavhøyr og granskingar på Varaldsøy: Politiet trur dei sit på sentralt prov

Kommentarer til denne saken