Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulukke på Løfallstrand

Klokka 19.42 melde 110 Vest på Twitter om ei trafikkulukke i Nesvegen på Løfallstrand. 

Nokre minutt seinare kom det frå vegtrafikksentralen at vegen mellom Rosendal og Årsnes er midlertidig stengt.

Vest Politidistrikt fekk melding om ulukka klokka 19.37, og skriv på Twitter at ulukka skal ha skjedd ved Hellesøy Verft.

– Ein lastebil og personbil har kollidert, airbag utløyst. Fire personar er involverte i ulukka, og alle skal vera vakne og bevisste.

Ulukka skal ha skjedd i 50-sona, og naudetatar har rykt ut til staden.

Begge køyrefelta er mellombels stengt som følgje av ulukka.

Les også

Ungdom fekk leilegheit rasert av festdeltakarar

Kommentarer til denne saken