Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulukke ved Børnes: To personar til legevakta

Politiet melder om trafikkulukke ved Børnes.

Oppdatert!

– Bil har køyrt av vegen. To personar i bilen, begge ute av bilen, melde Vest politidistrikt på Twitter laurdag føremiddag.

Ifølge politiet stod bilen i brann, og naudetatane var på veg til staden.

Kvinnheringen sin medarbeidar på staden melder like over klokka 12 at ulukka har skjedd på strekninga like før avkøyrsla til Børnes i retning Uskedalen. Politi og brannvesen er på staden.

Det har danna seg lange bilkøar, og er kolonnekøyring forbi ulukkesstaden.

Ambulansen har også vore på staden, men har returnert. Politiet melder på Twitter at to personar er køyrde til legevakta.

Klokka 12 er det ikkje synlege flammar eller røyk på staden.

Kommentarer til denne saken