Namnet på mopedføraren frigitt

Søndag stod det blomar og tente lys på ulukkesstaden ved Sandvikjo på Halsnøy.

Søndag stod det blomar og tente lys på ulukkesstaden ved Sandvikjo på Halsnøy.

Artikkelen er over 2 år gammel

Mopedføraren som omkom i ulukka på Halsnøy laurdag kveld var Atle Eide (47), bekreftar politiet.

DEL

Dødsulukka laurdag var den andre på Halsnøy på berre tre dagar. Torsdag omkom Ingve Bjarte Berge (51) i ei ulukke i Halsnøytunnelen. Laurdag omkom Atle Eide (47) frå Halsnøy i ulukka ved Sandvikjo.

Kommunen sitt kriseteam valde laurdag kveld å opna Dill som ein møteplass for alle som kjende behov for å koma saman med andre.

– Med to tragiske ulukker så tett på kvarandre, valde vi å oppretta ein uformell møteplass for alle som ønskte å møta andre denne tunge kvelden. Det var ein del folk som kom innom. Der sat dei saman, drakk kaffi og var der for kvarandre. Politiet var òg innom med ei lita orientering om kva som hadde skjedd i den siste ulukka, fortel Torstein Aarthun, medlem i kriseteamet til kommunen.

Ordførar Peder Sjo Slettebø, som sjølv er frå Halsnøy, er som så mange andre sterkt prega av hendingane.

– Halsnøy og Fjelberg er to øyer der alle er på hels med kvarandre. Heile lokalsamfunnet er sterkt prega av det som har skjedd. Det er to fine familiefedrar vi har mista, to som begge var engasjerte i lokalsamfunnet. Tapet av dei er stort. Tankane går først og fremst til dei pårørande, seier ordføraren.

Artikkeltags