Gå til sidens hovedinnhold

– Det verste eit lite lokalsamfunn kan oppleva

Artikkelen er over 3 år gammel

Det seier ordførar Peder Sjo Slettebø etter den tragiske hendinga natt til onsdag.

– Mine tankar går til familien og dei pårørande. Det er forferdeleg at vi misser ein ungdom i ei trafikkulukke. Det er det verste eit lite lokalsamfunn kan oppleva. Eg håpar personen som er kritisk skadd kjem frå det med livet i behald, seier Slettebø.

Ordføraren fortel at kriseteamet til Kvinnherad kommune har vore i arbeid i natt. Han fortel at det har vore ope på Husnestunet, der familie og pårørande har hatt samling. Kriseteamet har kontakt med pårørande og bistår etter ønske og behov.

– Dette er ei ulukke som går inn på veldig mange, og vi må sjå om det er hensiktsmessig å laga til ein samlingsstad ut over dagen. Folk må følgja med på kommunen si nettside og i lokalavisene om dette, seier Slettebø.

Mann omkom i trafikkulukke i natt

 

Kommentarer til denne saken