Kvinne påkøyrd i sentrum

Då politiet kom til ulukkesstaden var dei involverte køyrt til legevakta på Husnes, og politiet køyrde derfor direkte dit.

Då politiet kom til ulukkesstaden var dei involverte køyrt til legevakta på Husnes, og politiet køyrde derfor direkte dit.

Artikkelen er over 3 år gammel

Ei 67 år gammal kvinne blei påkøyrd i eit gangfelt i Husnes sentrum laurdag ettermiddag.

DEL

Uhellet skjedde rundt klokka ti på fem, då kvinna skulle kryssa Opsangervegen nedanfor Rema 1000-bygget. Ein ambulanse kom raskt til staden og tok med seg kvinna til legevakta for sjekk. Politiet rykte også ut, men då patruljen kom til staden var dei involverte køyrt til legevakta på Husnes. Fordi den påkøyrde kvinna blei dårlegare blei ho sendt vidare til Stord sjukehus med mistanke om hoftebrot og indre blødningar. Den 54 år gamle kvinna som køyrde bilen blei rutinemessig fråteken førarkortet. Det var ikkje mistanke om promillekøyring.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags