Ikkje konklusjon før på nyåret

Frå ulukkesstaden ved Sandvikjo på Halsnøy, der ein bil og ein moped kolliderte laurdag 12. desember. (Foto: Tomas Bruvik).

Frå ulukkesstaden ved Sandvikjo på Halsnøy, der ein bil og ein moped kolliderte laurdag 12. desember. (Foto: Tomas Bruvik).

Artikkelen er over 2 år gammel

Konklusjon om årsak og detaljar i dei to dødsulukkene i Halsnøytunnelen og ved Sandvikjo på Halsnøy vil truleg ikkje vera klar før på nyåret.

DEL

Statens vegvesen sin ulukkeskommisjon har vore involvert i begge dei to dødsulukkene som skjedde på tre dagar i Kvinnherad, torsdag 10. desember og laurdag 12. desember. Kommisjonen føretok undersøkingar på ulukkesstadene, og skal i tillegg undersøkja køyretøya som var involvert i ulukkene. Politiet trur ikkje konklusjonen vil vera klar før på nyåret, og vil heller ikkje gå ut med fleire detaljar om årsak til ulukkene eller andre detaljar.

Kvinnherad lensmannskontor tar seg av den taktiske delen av etterforskinga, som ikkje har med det tekniske å gjera. Dei er i gang med avhøyr av vitne.

– Men vi er også avhengig av svar på obduksjonsrapportar og rapport frå Ulukkeskommisjonen, seier politiførstebetjent Stig Dagfinn Tveiten til Kvinnheringen.

I ulukka som skjedde ved Sandvikjo laurdag 12. desember sat det to unge personar i bilen som kolliderte med mopeden, ein førar og ein mindreårig passasjer. Politiet fortel at kommunen sitt kriseteam har vore involvert i begge ulukkene.

– Dette er sterke og vanskelege opplevingar for både dei involverte, pårørande, arbeidskollegar og andre kjente. I ein så liten kommune blir mange involverte. Kriseteamet har gjort ein fantastisk jobb, og avlastar politiet. Dei er uunnverlege for oss, seier Tveiten.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags