Skal etterforska påkøyrsla

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 3 år gammel

Politiet skal etterforska påkøyrsla som skjedde i Husnes sentrum i helga for å finna ut meir om kva som skjedde.

DEL

Det var rett før klokka 17 at ei 67 år gammal kvinne blei påkøyrd då ho skulle kryssa Opsangervegen nedanfor Rema 1000-bygget. Ein ambulanse kom raskt til staden og tok med seg kvinna til legevakta for sjekk. Politiet rykte også ut, men då patruljen kom til staden var dei involverte køyrt til legevakta på Husnes. Fordi den påkøyrde kvinna blei dårlegare blei ho sendt vidare til Stord sjukehus med mistanke om hoftebrot og indre blødningar. Den 54 år gamle kvinna som køyrde bilen blei rutinemessig fråteken førarkortet. Politiet opprettar no sak og skal etterforska vidare for å finna ut kva som eigentleg skjedde. Det er ikkje mistanke om promillekøyring.

– Skulle nokon ha sett noko i samband med ulukka ber vi dei ta kontakt med oss, seier politiførstebetjent Stig Dagfinn Tveiten.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags