Gå til sidens hovedinnhold

Tre nye smittetilfelle i dag, fredag – treningssenter, symjehallar og dei fleste kultur- og fritidstilbod må stengja

Smittevegen for dei tre tilfella er ukjent. No trykker kommunen på den store, raude knappen.

I samband med at kommunen fekk melding om eit smittetilfelle etter ein test analysert på Haukeland fredag, blei ytterlege to tilfelle avdekka gjennom hurtigtestar. Smittevegen er ukjent. I alt har ein då tre nye smittetilfelle i Kvinnherad fredag, og kommuneoverlegen har derfor slutta å hastevedta ein mellombels forskrift for Kvinnherad. Den blir gjeldande frå midnatt, og vil i første omgang gjelda fram til torsdag 25. mars.

– Då vil kommunestyret saman ta ei vurdering om det er grunnlag for å vidareføra forskrifta anten slik som i dag eller med tilpassingar, sa ordførar Hans Inge Myrvold på ein pressekonferanse no i ettermiddag.

Forskrifta skal vera med å hindra eller avgrensa smitte av koronaviruset gjennom tiltak som er tilpassa tilhøva. Forskrifta gjeld alle personar, organisasjonar og verksemder med fast eller mellombels opphald i Kvinnherad kommune.

Følgjande verksemder og stader skal halda stengt:


1. Treningssenter, men slik at det kan vera ope for følgjande tilbod:

a. Rehabilitering og opptrening som vert gjeve individuelt eller i mindre gruppe (inntil 5 personar) med arrangør.

b. Individuell trening og behandling som det krev timeavtale.

2. Symjehallar og liknande, likevel slik at følgjande tilbod kan halde ope:

a. Skulesymjing,

b. Rehabilitering og opptrening som vert gjeve individuelt eller i mindre grupper med arrangør.

c. Anna individuell behandling som krev timeavtale og der bad er en del av behandlinga.

3. Innandørs leikerom

4. Museum.

5. Kino, teater, konsertstadar og tilsvarande kultur- og underholdningsstadar.

6. Andre offentlege stader og verksemder der det går føre seg kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs. Trus- og livssynshus kan halda ope med dei avgrensingane som følgjer av forskrifta § 4.

Tal personar som kan vera til stades på eit arrangement:

Arrangement og private samkomer på offentleg stad eller i leigde/lånte lokale kan gjennomførast innadørs med inntil 10 personar. Private samkomer utandørs på offentleg stad kan gjennomførast med inntil 20 personar. Arrangement utandørs på offentleg stad kan gjennomførast med inntil 50 personar.

Gravferd og bisetting kan gjennomførast med inntil 50 personar.

Påbod om heimekontor:

Arbeidsgivar skal syta for at tilsette arbeider heimanfrå så langt det er praktisk mogleg. Arbeidsgivar skal kunna dokumentera at dei tilsette har fått melding om korleis dette skal gjennomførast i verksemda.

Skjenkestopp:

Verksemder som har skjenkebevilling etter alkohollova kapittel 4 og 5 skal ikkje utøva skjenkebevillinga.


Stans av idretts- og fritidsaktivitetar:

Det er ikkje tillete å organisera idrettsaktivitet innandørs. Det same gjeld fritidsaktivitetar som organiserte øvingar, trening og prøvar for kor, korps og teater. Stemne, kampar og turneringar er ikkje tillete. Organisert idretts- og fritidsaktivitet er tillatt for inntil 20 personar utandørs.

Ansvar:

Kvinnherad kommune tek ikkje på seg økonomisk ansvar som skulle følgja av pålagte tiltak etter denne forskrifta.


Straff:

Forsettleg eller grovt aktlaust brot på reglane i denne forskrifta eller vedtak gjeve med heimel i forskrifta er straffbart, jf. lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 8-1.


Ikrafttreding og varigheit:

Forskrifta vert sett i verk 20.03. 2021 kl. 00:00 og gjeld til og med 25.03. 2021 kl. 24.00.

Kommentarer til denne saken