Høstskvetten 2019:

Søndag 8. september var tre utøvarar frå Trio symjegruppe i Åstveithallen for å konkurrera i det approberte stemnet Høstskvetten.

Ellen Marie Vigrestad svømte 100 m. rygg, 50 m. fri og 50 m. butterfly. Ho fekk 1. plass i alle sine øvingar i 2005-klassen.

Sigri Myklebust Lekva svømte 50 m. bryst, 50 m. fri og 100 m. butterfly. Ho fekk 3. plass i 50 m. fri som beste plassering i 2006-klassen.

Turid Helene Vigrestad deltok i 2008-klassen og svømte 50 m. bryst, 50 m. fri og 100 m. butterfly. Målet hennar var å gjennomføra 100 m. butterfly utan å bli diskvalifisert, noko ho klarte.