Tredje person stadfesta smitta med koronaviruset i Kvinnherad

Kommunelege Glenn A. Opland. (Arkivfoto).

Kommunelege Glenn A. Opland. (Arkivfoto).

Kommuneoverlege Glenn André Opland fortel til Kvinnheringen torsdag at dei har god kontroll på smittesporinga.

DEL


Torsdag føremiddag melde Kvinnherad kommune på nettstaden sin om det tredje bekrefta tilfellet av koronaviruset i Kvinnherad kommune.

– Onsdag kveld, 25. mars, blei det bekrefta eit nytt smittetilfelle av koronavirus i Kvinnherad kommune, uttalar kommuneoverlege Glenn André Opland.

Nærkontaktar vert testa i dag (torsdag), står det vidare.

Tre personar frå Kvinnherad har til no fått bekrefta viruset. Éin har hatt behov for behandling på sjukehus.

På grunn av personvernet, kan ikkje kommuneoverlegen seia noko om den noverande tilstanden til dei tre. Han opplyser at alle er under 70 år, og føyer til at den første som fekk viruset i Kvinnherad er på betringas veg.

Han seier at dei mistenker smitte frå utlandet i forbindelse med det tredje tilfellet. Også førstemann som fekk viruset, blei truleg smitta i utlandet eller på reisa, opplyser han. Korleis nummer to blei smitta, er meir usikkert, truleg var det heime i Norge, fortel Opland.

Kommunelegen fortel vidare at heile familien til den tredje personen som har testa positivt for covid-19, har opphalde seg i karantene sidan familiemedlemen kom heim frå utanlandsreisa si. Det er ikkje vedkomande som har vore på reise, som no er blitt sjuk.

– Dei gjorde jobben min med smittesporing såleis ganske enkel, rosar Opland.

– Smittesporing er eit tidkrevjande arbeid, men vi føler vi har ganske god kontroll, seier han.

Han fortel vidare at rundt 215 personar i Kvinnherad kommune så langt er blitt testa for viruset.

– Korleis er belastninga for helsesektoren?

– Heldigvis har vi folk som er villige til å steppa inn og gjera ein jobb som dei ikkje gjer til vanleg. Ved helsesentera er det naturleg nok roleg enn så lenge, fordi mange av dei vanlege timane blir utsette eller kansellerte av folk sjølve. Ved sjukeheimane klarar vi oss per no, men det er sårbart.

Opland fortel at det på Husnes helsesenter er laga til eit eige rom der personar med luftvegssymptom som må til legevakta, blir sjekka. Han fortel vidare at beredskapsgruppa til kommunen jobbar på spreng med planar for korleis dei skal handtera ulike scenario, som til dømes dersom belastninga på helsesektoren skulle bli for høg.

– Dette skal vi ha gode planar for, kommenterer han.

Beredskapsgruppa til Kvinnherad kommune har også dagleg kontakt med Helse Fonna og føretaka deira.

Han vil elles oppmoda folk om to ting:

– Vi vil be folk om å halda seg vekke frå uteareal ved barnehagar og skular. Vi har fått nokre tilbakemeldingar om at desse områda har vore litt i bruk. Risikoen er ikkje størst der, men den er definitivt til stades. Eg vil også be om at folk ikkje kjøper smågodt og andre varer som ligg lett tilgjengeleg og kan ha smitte med seg. Håpar folk kan klara seg utan ei stund, avsluttar han.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags