Tre verksemder i Kvinnherad søkte BIO-midlar (bedriftsintern opplæring) hos Vestland fylkeskommune i år, men berre Kvinnherad Elektro AS fekk tilslag. Til gjengjeld var dette på heile 799.000 kroner, berre ein tusenlapp frå full skår.

– Eit kjekt nyhende å få! seier Kjetil Helvik om tildelinga.

Dermed blir det internopplæring og kursing for 16–17 tilsette i verksemda.

Styrkjer seg

Totalt kostar opplæringsprosjektet vel 1,1 millionar.

– Kva går kursa ut på?

– Det er retta mykje mot omstilling til nye segment i det grøne skiftet. For vår del solceller, tavle- og batteriteknologi. Det er her vi vil heva kompetansen til våre tilsette, forklarar Helvik.

Denne teknologien tok av i starten av 2022 då straumprisen auka. I tillegg har tilskot til solceller auka hos Enova.

– Det har vore stor etterspurnad lokalt, og det er jo veldig kjekt for oss, seier Helvik.

Det er leiande personell i verksemda som skal på kurs, for seinare å halda vidare opplæring for eigne tilsette.

– Vi har alt hatt folk på kurs i førre veke, og vi reknar med at dette vil gå føre seg ut januar.

– Det er ein stor sum pengar frå det offentlege som er tildelt. Kan du seia noko om korleis dette kan koma andre innbyggjarar til gode?

– Det er jo viktig at vi blir meir konkurransedyktige for å kunna behalda arbeidsplassar lokalt. Det har vore nokre tøffe år no, med covid. Vi ønskjer å auka talet på tilsette. Skapa fleire arbeidsplassar som igjen vil auka skatteinntektene, seier Helvik

Dette prosjektet er med på å auka kompetansen hos tilsette, og selskapet blir styrkt.

– Kan det føra til fordeler for forbrukaren?

– Ja, prisen på solceller har jo gått ned, og ein må ha flinke folk til å gjera jobben med installering, seier han og viser til nye forskrifter innan feltet som vil krevja fagbrev for slike koplingar.

I tillegg må det vera godt høve til teknisk støtte etter montering.

Kvinnherad Elektro AS har vore med på BIO-prosjekt tidlegare, og i fjor fekk selskapet 600.000 i støtte.

Større summar – færre tildelingar

Ved Vestland fylkeskommune kan sakshandsamar Ane Fisknes Storås fortelja at det berre var tre søknadar om BIO-midlar frå Kvinnherad i 2022.

– Det var veldig mange gode søknadar i år, men mindre midlar enn i fjor. Mange har fått avslag, seier ho.

– Kva tid er søknadsfrist for neste år?

– Det veit vi ikkje enno. Vi går gjennom alle tilskotsordningar no, men vi reknar med at det vil bli mellom april og august 2023, seier sakshandsamaren.

Neste års utlysing skal opp til politisk handsaming, men ein kan rekna med at det vil bli same fokus som i 2022.

– Det vil seia digital kompetanse, berekraft og grøn omstilling.

Vestland fylkeskommune opplyser at BIO-midlar er eit tilskot under EØS-regelverket.