Ann Kristin Fausk, Margreta Hus og Marit Skåla er frivillig-koordinatorar for Festidalen og står på for å få nok frivillige til å gjennomføra den etterlengta festivalen.

– Vi har halde på ei stund for å rekruttera frivillige, og det er ein del som har meldt seg på, men vi manglar mange vakter for å få det heile i hamn. Det ville jo vera trist å avlysa om vi ikkje får nok vakter, seier Ann Kristin Fausk.

– Og vi treng særleg vaksne som kan vera vakter på området under konsertdagane. I baren og i matbua byrjar det å fyllast opp med frivillige, og det er mange som har meldt seg til dugnad på førehand. Særleg baren er populær, der er det nesten fullbooka.

Ann Kristin lokkar med at det mest trivselsvakter att å velgja i, og at dette passar godt for vaksne. Sjølv vart ho med som frivillig etter å ha nytt musikken i fleire år frå terrassen.

– Det var no i grunn litt tilfeldig at eg melde meg, men eg har ikkje angra. Eg har vore frivillig på Festidalen etter det. Det er eit heilt unikt fellesskap mellom dei frivillige, og det må berre opplevast for å forstå kor flott det er, meiner ho.

Frivilligkoordinatorane har hatt stand på Husnes storsenter ein gong tidlegare i vår, og det var planlagt stand i Rosendal denne helga, men den er utsett. Neste helg er det ny stand der frivillige kan melda seg. Men det går også an å ta direkte kontakt med til Dømes Ann kristin, eller ein kan melda seg på via nettsidene deira.

– Tek du vakt ein dag får du billett til den andre dagen, slik det har vore i mange år. Vi prøver denne gongen også å mobilisera ulike lag til å stilla med vakter, og om laget ditt stiller vil de få pengar i lagskassen. Og eg kan lova at om du vert ein del av dei frivillige på Festidalen vil du bli del av eit unikt fellesskap og få ei flott oppleving. Det gir verkeleg energi å vera i lag med denne flotte gjengen, lokkar Ann Kristin.

Om du har tid å høve til å verte med i Festidalen-familien av frivillige kan du finna meir informasjon her.