Klart for det 28. Åkraløpet

REKORD: Åkraløpet sette ny deltakarrekord i fjor. Arkivfoto

REKORD: Åkraløpet sette ny deltakarrekord i fjor. Arkivfoto

Artikkelen er over 1 år gammel

Pinseaftan, laurdag 19. mai, er det klart for ei ny utgåve av løpet rundt Åkra-bygda.

DEL

Kurt Reidar Jegteberg i Matre Idrettslag minnest rekorddeltakinga i fjor med stor glede, og håpar på mange deltakarar i år òg. I fjor var heile 213 trimmarar og løparar med, 63 av dei i konkurranseklassen, og begge desse tala var rekord for Åkraløpet.

Løypa går rundt bygda med start og mål ved skulen. Der er det òg påmelding. I tillegg til konkurranse- og trimklasse, er det også eit barneløp på 600 meter for ungar opp til 10 år. Skulle ein vera forhindra i å springa sjølve løpsdagen, er det råd å springa fredagen om ein avtalar med løpsgeneral Jegteberg.

For dei som ønskjer å jaga løyperekordane, er det berre å notera seg at Marit Årthun har kvinnerekorden på 11.34, medan Sindre Omvik kan visa til 9.56.

Raus premiering

Alle konkurranseløparane får premie, og det blir dessutan trekt ut flotte gåvepremiar blant alle deltakarane i løpet. I tillegg er det eit knippe løpsjubilantar som kan hala ein ekstra premie om dei deltar:

10. gong: Agathe Ølvestveit, Oda Vågen, Knut Olav Sørheim, Elena Victoria Jegteberg, Kjell Jegteberg.

15. gong: Ruth Solveig Bergane, Edmund Berge, Lars Emil Berge, Bjørn Vidar Sørheim, Anna Toril Vågen, Karin Vågen, Mikal Øvstebø.

25. gong: Sølvi Gundersen.

Artikkeltags