5. januar runda TrimX 20 år, men markeringa av jubileet må venta til litt seinare i år. Dei siste månadane har det vore travelt med oppussing, nytt utstyr og generell oppgradering av treningssenteret.

– Vi forventa å mista halvparten av medlemene då Sky Fitness starta opp i mai, men totalt sett gjekk 2021 likevel betre enn forventa. Konkurrenten opna dørene litt seinare enn vi hadde forventa, og dermed kom utmeldingane hos oss også litt seinare, fortel medeigar Ronny Hamre Sahr.

Likevel kom botnen i medlemstalet tidlegare enn forventa.

– Dei siste månadane av 2021 har vi hatt plussmånader, altså auke i medlemstalet, og januar 2022 har starta bra, fortel Sahr.

Faktisk hadde TrimX-eigarane forventa å få konkurranse mange år før enn det skjedde.

– Det første grepet vi gjorde då det vart kjent at vi fekk ein konkurrent, var å gå over til ubemanna treningssenter alt frå mars 2021. Det var vi nøydde til for å kunna by på tilsvarande vilkår som konkurrenten, forklarar Sahr.

Vidare har TrimX så godt som fullført ei oppgradering med nytt utstyr og oppussing. Noko vart gjort før sommaren, resten i november–desember.

– Vi har oppgradert kondisjonsavdelinga med nye tredemøller, stepmaskin og ellipsemaskin. Elles har me bytta ut mange matter og er snart ferdige med å gå over frå blå til svart farge. Mange veggar er malte, styrkeavdelinga er oppgradert med nye apparat og vi har laga til eit nytt vektrom med nye markløft- og knebøystasjonar. No ventar vi berre på nokre matter som manglar.

Sahr understrekar at eit treningssenter må oppgradera jamt og trutt, men denne gongen vart det gjennomført eit større løft.

Januar-effekten

Som vanleg er det ekstra aktivitet i starten av året, og Ronny Hamre Sahr fortel om aktivitet tidleg og seint.

– No når januar- og nyttårsforsett-effekten er merkbar – kva gjer de for å få dei nye til å bli?

– Nye medlemer får tilbod om instruksjon og hjelp til treningsprogram. Og sjølv om senteret er ubemanna, prøver eg og medeigar Stian Stensletten å vera her såpass mykje at medlemer lett kan få tak i oss og be om tips og råd. Elles er det råd å hyra personleg trenar, eller vera med på ulike typar gruppe-trening som spinning, sirkeltrening, dans, step med meir, smiler Sahr.

Stian Stensletten kom inn på eigarsida tidleg i fjor, noko Sahr set stor pris på.

– Det var veldig positivt for TrimX å få Stian med som medeigar! I tillegg har vi også Christopher Lemicka Brix med på laget til å gi rettleiing og instruksjon.

– Og de trur det er leveleg for to treningssenter på Husnes?

– Ja, for vår del ser det ut til at det kan gå rundt, avsluttar Ronny Hamre Sahr.