Har inngått treårig sponsoravtale

Fabrikksjef på Hydro Husnes, Johan Berg, og leiar for IL Trio Fotball, Kjell M. Eide, signerte nyleg ein treårig sponsoravtale. (Foto: Privat).

Fabrikksjef på Hydro Husnes, Johan Berg, og leiar for IL Trio Fotball, Kjell M. Eide, signerte nyleg ein treårig sponsoravtale. (Foto: Privat).

IL Trio Fotball har inngått ein treårig sponsoravtale med Hydro Husnes, der aluminiumprodusenten går inn som hovudsponsor for barneavdelinga (6–12 år) og Rema 1000 Husnes Cup.

DEL

Det melder IL Trio via ei pressemelding. Fotball-leiar Kjell M Eide er svært fornøgd med avtalen.

– Vi veldig stolte og veldig nøgde med at Hydro set slik pris på vårt arbeid at dei vil inngå ein avtale. Den inneber mellom anna at det vert Hydro-logo på alle 300 draktene i barneavdelinga. Det er bevisst frå Hydro si side at dei vel å satse på dei unge fotballspelarane i Trio. På den måten treff dei målgruppa dei ynskjer å retta si støtte til, som er barn og unge, seier Eide.

Både IL Trio Fotball og Hydro opplever medvind og positiv utvikling for tida. Det blir mange nye tilsette på Hydro, og det gjer òg at det vert fleire barn og unge som har behov for eit trygt og godt fritidstilbod. Hydro Husnes ser spesielt positivt på arbeidet til IL Trio Fotball med å bli Kvalitetsklubb inneverande år, noko som betyr at fotballgruppa skal tilfredstilla NFF sine krav til rutinar, organisasjon og kompetanse for utvikling av sunn barne- og ungdomsidrett.

Artikkeltags