Trio må på banen

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Trio må koma på banen og klargjera kva klubben kan bidra med, før politikarane vil gjera vedtak om utvida opningstid i symjehallen.

DEL

Knut Prestnes, som er styreleiar i Trio, måtte tre frå då formannskapet skulle handsama søknaden frå symjegruppa i Trio om å få nytta symjehallen i juni og august. Det var ein avtale om at idrettslaget skulle bidra økonomisk for den utvida opninga.

– Per i dag har vi ikkje fått nokon dokumentasjon frå Trio om kva dei kan dekka, opplyste rådmann Trond Sætereng, i møtet i formannskapet.

Arve Opsanger (Ap) ville seia nei til søknaden i dette møtet, men ville koma tilbake til det i kommunestyremøtet seinare i denne månaden. Han oppmoda leiaren i Trio, Knut Prestnes, om å sjå på kva klubben kunne bidra med.

Både Leif Sverre Enes (H) og Synnøve Solbakken (Ap) meinte at dette i utgangspunktet var ei positiv sak som politikarane måtte strekkja seg langt for å løysa.

Kommunalsjef Anne Sofie Kjeka hevda at Trio hadde veldig behov for symjetrening i juni. Fleire av utøvarane skulle delta i konkurranse.

– Det vert difor litt seint å venta til eit vedtak i kommunestyret, meinte Kjeka.

– Eg kan ikkje sjå korleis vi kan finansiera dette. Vi har i dag kutta tre millionar hos verksemdene i budsjettrevisjonen, understreka Arve Opsanger.

Peder Sjo Slettebø (H) oppfatta det som at det var politisk vilje til å løysa denne saka.

– Eg ser det som uproblematisk at saka vert utsett til møtet i kommunestyret, sa Sjo Slettebø.

Anne Sofie Kjeka gjentok at det ville bli vanskeleg for Trio-symjarane å delta i konkurransar når dei ikkje fekk trena.

Marit Elisebet Totland (KrF), meinte politikarane kom i ein tvangssituasjon, der alle var positive til å finna ei løysing.

– Eg ønskjer ikkje å bli pressa, sa Totland.

Ho sette fram forslag om at søknaden frå Trio vert vurdert i samband med handsaminga av budsjettrevisjonen i kommunestyret. Det må då klargjerast kva økonomisk tilskot Trio sjølv vil bidra med.

Forslaget frå KrF-representanten vart samrøystes vedteke.

Artikkeltags