Flotte prestasjonar på symjestemne

Her ser du flinke svømmarar frå Trio som deltok på stemne på Ågotnes førre helg. F.v. Heida Sigthorsdottir, Ellen Marie Vigrestad, Mari Bjelland, Andri Sigthorsson og Brynjar Vigrestad. (Foto: Privat).

Her ser du flinke svømmarar frå Trio som deltok på stemne på Ågotnes førre helg. F.v. Heida Sigthorsdottir, Ellen Marie Vigrestad, Mari Bjelland, Andri Sigthorsson og Brynjar Vigrestad. (Foto: Privat).

Av
DEL

Trio-svømmarar deltok i Fana sparebank Medley Ågotnes laurdag 10. og søndag 11. november.

Etter den flotte opplevinga i Åstveithallen der mange var med på Haustskvetten, var det ei mindre gruppe som drog på tur til Ågotnes førre helg. Målet for svømmarane Brynjar, Mari, Ellen Marie og Andri sesongen 2018/2019, er å kvalifisera seg til LÅMØ, som er forkorting for Landsdelsårsklassemønstring. For 12-16-åringar må ein ha oppnådd gyldig tid på 100 meter Butterfly, 200 meter rygg, 200 meter bryst, 400 meter fri og 200 meter individuell Medley for å kunna delta på Låmø.

Vestkantsvømmarane hadde invitert til stemne i nyoppussa basseng som vart opna med snorklypp og tale frå ordførar. Bassenget viste seg å ikkje vera heilt klart pga. lause startpallar. Ventinga på utbetring av startpallar vart nytta til heiarop-konkurranse. Kari tok ansvar og regisserte heiarop for Trio. Premien for beste rop var 2.000 kroner, som gikk til Austevoll. Heiaropet til Trio vart så bra at det tek vi med oss til neste stevne.

Laurdagen gjekk over all forventning. Alle var storfornøgde med eigen innsats. Brynjar og Andri sømde inn til kvart sitt gull på 100 meter fri. Mari klarte 3. plass på 200 meter Medley, og Ellen Marie fekk ein fin 4. plass på 50 meter fri.

Søndagen vart endå betre med gull til Brynjar på 100 meter bryst og 100 meter Butterfly, og gull til Andri på 100 meter butterfly og 50 meter fri. Mari klarte 3. plass på 50 meter rygg, og Ellen Marie fekk ein sterk 5. plass på 200 meter rygg. Heida, veslesyster til Andri, var med på lasset, og sømde laurdag og søndag. Ho er for ung til premiering, men fekk vist fram sitt store talent.

Takk for ei hyggjeleg helg i bassenget på Ågotnes!

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags