God framgang for Trio-svømmarar

Trio-svømmarane Heida, Ellen, Mari, Andri og Brynjar deltok på Låmø-kvalifiseringsstemne på Karmøy førre helg.

Trio-svømmarane Heida, Ellen, Mari, Andri og Brynjar deltok på Låmø-kvalifiseringsstemne på Karmøy førre helg.

Av
DEL

Fem Trio-svømmarar var i aksjon på stemne på Karmøy helga 12. og 13. januar. Karmøy-stemnet er eit typisk Låmø (Landsdels årsklasse mønstring) kvalifiseringsstemne, og Låmø Vest vert arrangert i Karmøyhallen 15.–17. mars

Brynjar Vigrestad, Mari Bjelland, Andri Sigthorson og Ellen Marie Vigrestad frå Trio fekk ei god gjennomkøyring, og ligg godt an til å bli blant dei 24 beste gutane og jentene i sin årsklasse i Hordaland som får delta. Dei må ha gyldig tid i dei fem øvingane 400 meter fri, 200 meter rygg, 200 meter bryst, 100 meter butterfly og 200 meter medley.

Første Låmø-øving laurdagen var 400 meter fri. Mari (2003) svømte inn til 8. plass på tida 5.45,47, Ellen Marie (2005) vart nr. 15 med tida 5.39,15. Brynjar (2003) vart nr. 2 i sin klasse med 4.45,27, og Andri (2006) nr. 9 med tida 5.28,46.

Neste Låmø-øving var 200 meter bryst, som Brynjar svømte på 2.58,60. Det heldt til 4. plass. Andri gjennomførte på 3.37,20 som gav 12. plass. Siste Låmø-øving laurdagen var 100 meter butterfly. Ellen Marie svømte inn til 19. plass på tida 1.35,65.

Elles deltok Trio på 100 meter bryst, 50 meter rygg, 50 meter fri og 4 x 50 meter for lagmedley, mix, på laurdagen.

Søndagen byrja med øvinga 200 meter rygg. Brynjar svømte inn til 1. plass på tida 2.38,05 og Andri fekk 9. plass på 3.01,31. Deretter var det 200 individuell medley. Her vart det 2. plass på Brynjar (2.36,33), og 14. plass på Ellen Marie (3.14,10).

Andre øvingar for Trio søndagen var 50 meter bryst, 100 meter fri, og 200 meter butterfly, ei kraftøving som berre Andri gjennomførte frå Trio.

Eit spennande lyspunkt på Karmøy var Heida (2008). Ho kom først i mål i sin klasse på alle fem øvingane ho deltok i. Dette var god innsats frå heile gruppa som har representert IL Trio symjegruppe på ein framifrå fin måte.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags