Gå til sidens hovedinnhold

Truls (10) og Iver (9) fekk tidenes naturoppleving på søndag: – Var ikkje redde

Artikkelen er over 1 år gammel

Søndag fekk kompisane Iver Haugan Solheim (9) og Truls Aarthun (10) frå Valen ei spektakulær naturoppleving saman med familiane sine.

– Pappa stod i stova og såg ut i Høylandssundet. Så sa han at «det der er ikkje niser», seier Truls Aarthun til Kvinnheringen dagen etter at han og kompisen var med familiane sine på spekkhoggar-safari i fjordbassenget rundt Halsnøy.

Det var altså spekkhoggarar pappa Torstein Aarthun observerte ute i Høylandssundet søndag føremiddag, og heile familien kasta seg utan opphald rundt og heiv seg ned i båten.

– Så ringte vi til Iver og dei med éin gong, seier Truls.

Fann dei igjen

Nabofamilien Haugan Solheim var heller ikkje seine med å hiva seg i båten sin, og etter kort tid var begge familiane i båtane og klare for å sjå etter spekkhoggarflokken som nyleg var observert.

I første omgang såg det desverre ut som flokken av spekkhoggarar hadde stukke av, men familiane gav seg ikkje på tap.

Etter ei stund fann dei spekkhoggarane igjen like utanfor Salsund ved Halsnøy, og her skulle dei få ei svært nærgåande oppleving med dei store dyra.

– På eit tidspunkt var dei berre éin til to meter unna båten! utbryt Truls, som fortel at den eine spekkhoggaren på eit tidspunkt la seg like under båten deira.

– Vi såg berre noko kvitt under båten, seier Iver.

– Men dei er jo svære. Blei de ikkje redde?

– Absolutt ikkje, seier dei samstemde, før Truls legg til:

– Kanskje litt usikker når den låg under båten.

Mamma til Iver, Hanna Haugan Solheim, fortel om ei fantastisk oppleving.

– Eg blei heilt rørt, det var utruleg å sjå dei så nærme, seier ho.

– Var dei tamme?

– Dei verka nesten nysgjerrige på kven vi var, seier Hanna.

Ikkje veldig vanleg

Vi spurde gutane om dei veit kva spekkhoggaren likar å eta.

– Sild, seier dei to gutane samstemde.

– Likar de sild då?

– Eg gjer, seier Truls.

Iver kan derimot styra seg.

– Kor store trur de dei var?

– Rundt tre–fire meter, trur dei to kompisane.

Spekkhoggarar er ikkje eit heilt uvanleg syn i fjordane våre, men det er slett ikkje vanleg heller.

– Det er i alle fall uvanleg på denne tida av året, meiner Hanna, som saman med dei to gutane framleis ikkje hadde landa heilt etter den spektakulære opplevinga dagen før.

Bildeserie

Breie flabbar og andre storfangstar

Kommentarer til denne saken