Får att 7 millionar

Folgefonntunnelen, her ved opninga på Odda-sida, blir gratis juli neste år. (Arkivfoto).

Folgefonntunnelen, her ved opninga på Odda-sida, blir gratis juli neste år. (Arkivfoto).

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Når Folgefonntunnelen er nedbetalt 1. juli neste år vil Odda og Kvinnherad kommunar få tilbakebetalt kring sju millionar kroner kvar.

DEL

Dette opplyser dagleg leiar for Folgefonntunnelen AS, Geir Mogren. Folgefonntunnelen har vist seg å bli eit godt prosjekt for trafikantane og for kommunane som investerte i prosjektet. Både Odda og Kvinn-herad ytte store, kommunale tilskot for å finansiera tunnelen, men frå 2013 vart begge fritekne for å betala inn tilskot til Folgefonntunnelen AS. Det inneber at Odda og Kvinnherad kvar har «spart» 3,5 millionar kroner kvart einaste år frå og med 2013. Til saman har begge kommunane altså blitt fritekne for innbetaling av totalt 12,25 millionar kroner i perioden frå 2013 til og med halve 2016.

– 1. juli neste år vil bompengelånet bli betalt, og då vil Folgefonntunnelen bli bompengefri, seier Geir Mogren.

I tillegg har Folgefonntunnelen AS pengar på bok. Mogren seier at det vil kosta noko å avslutta bompengeinnkrevjinga og nokre formalitetar kring avslutting av lån.

– Men vi har midlar ståande – eg reknar med at Odda og Kvinnherad vil få tilbakebetalt kring sju millionar kroner kvar på tampen av 2016, seier Mogren. Han legg til at Kvinnherad kommune vil legga inn denne summen i budsjettet for 2016.

Auken i trafikken gjennom Folgefonntunnelen er på vel 12 prosent ved utgangen av september månad, Samanlikna med dei ni første månadene i 2014.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags