Dette går fram av ei pressemelding frå Vestland fylke. Sidan mars har det vore full drift på tunnelsprenginga frå Sunndal, frå veke 24 blir det altså sprenging også frå Kroka. Med sprenging frå begge sider skal det etter planen bli gjennomslag i slutten av september.

Arbeidet med den 1.400 meter lange tunnelen er ein del av rassikringsprosjektet mellom Folgefonntunnelen og Årsnes.

– Oppstarten av tunnelsprenginga vi truleg medføra nokre veker med støy for bebuarar langs Maurangerfjorden, uttalar byggjeleiar Bjørnar Eidsnes i pressemeldinga.

Steinmassane frå sprenginga blir frakta til eit mellomlager på Dysnes som ligg mellom Sunndal og Austrepollen. Delar av steinen går til sjøfylling som skal leggja til rette for ein framtidig gang- og sykkelveg til bubilcampingplassen på Musskjerneset, går det fram av pressemeldinga frå Vestland fylke.

Nye vitneforklaringar fredag: – Vi ville gi best mogleg førstehjelp så lenge det var håp