Ny traktorsafari til Eikemo

Ei sjeldan doning fraktar folket til gards på Eikemo.

Ei sjeldan doning fraktar folket til gards på Eikemo. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Fagforbundet sin dagstur 7. juni var så populær at mange måtte stå over. Torsdag 23. august kjem sjansen igjen.

Alt er klart for ny tur til den veglause garden Eikemo på nordsida av Åkrafjorden. Bak opplegget står Fagforbundet Kvinnherad, gruppa for pensjonistar og uføre.

23. august går turen med eigen buss frå Husnes via Odda til Åkrafjordtunet på Markhus. Herfrå går båten over til Eikemo på andre sida av fjorden, og dermed er ein komen over i det veglause. Gruppa vert henta på kaien av ein traktor med ein heil spesiell tilhengar. Den ser nesten ut som ei trikkevogn med tak og greier. 25 sete har den. Og ettersom Fagforbundet satsar på 50 deltakarar, må gruppa delast i to. Dei som ikkje kjem med i første traktorlasset, får seg ein ekstra båttur til den staselege Langfossen for å korta ventetida. På returen får den andre gruppa ein tur til same fossen.

Vel framme på garden blir ein møtt av bonden Geir Arne Eikemo.

– Han guidar og fortel med alvor og humor om liv og lagnad for gardar og folk i før- og notid, fortel Astrid Ljone, som har vore på staden før.

Rømmegraut og spekekjøt vert servert i gamlestova på garden.

Turen er ikkje fysisk strabasiøs, men lett vandring i terrenget må ein rekna med. Gode sko er derfor ein fordel.

– Dagen byr på fine opplevingar som ein ikkje kan få med seg på eiga hand. Tur med gruppe og guide må til for å få fullt utbyte. Derfor håpar vi at at mange blir med oss på denne spennande reisa bakover i tid, helsar Astrid Ljone og Liv Eik.

Damene tar imot påmelding like fram til ei veke før turen går.

Artikkeltags