Sommareventyr i Nærøyfjorden

Av
Publisert


Kvinnherad Turlag har nettopp vore på padletur i Nærøyfjorden i Sogn. Dette vart eit av sommarens vakraste eventyr! 16 kajakkar sigande ut Nærøyfjorden i regn og skodde. Stupbratte fjell og eit trolsk ljos omkransa oss den første ettermiddagen. Turleiarane, Sturla Helland og Gunnlaug Vågen Tjelmeland, hadde gode planar for turen. Padlekraft ei stund, så i land for beinstrekk, mat og drikke, kvar gong på idylliske småplassar langs fjorden. Den gamle kyrkja på Bakka, garden Styvi med eige gardsmuseum og vakre Dyrdal med berre éin innbyggjar. Her fekk vi tak over hovudet i det gamle skulehuset, fyr i omnen og god heimelaga mat.

Jammen vakna vi til sol neste dag, og etter utefrukost fekk vi ei levande innføring i lokalhistorie og omvising i bygda av ein engasjert Arild Dyrdal.

Laurdagen gav nydeleg padletur langs land med frodig vegetasjon, bratte fjell, bekker og fossefall, og litt utpå fjorden stakk ein einsleg kobbe hovudet opp.

Så padla vi over Aurlandsfjorden til naturreservatet i Nordheimsdalen der vi gjekk ein liten tur.

Nokre av oss kjende at vi hadde brukt armane denne dagen, då vi etter siste padleøkta tok oss opp den bratte stigen til Stigen gard. Men for ein idyll vi møtte 350 moh! Her var det berre å skifta til badetøy, la seg dusja med ei hagesprøyte og siga ned i dei vedfyrte badestampane. Himmelsk godt på ei fjellhylle med utsikt over den vakre fjorden. Hege Strømme og Dee Cunningham, som eig denne unike plassen, veit å ta vare på både landskap, dyr og folk. I den koselege tømmerstova fekk vi servert hjortepølse og lammelår og dei vedunderlegaste grønsakene, alt frå eiga avling. Å laga til denne middagen og nysteikte rundstykke til frukost utan straum var imponerande. Det er flott å møta menneske som satsar på kvalitet i alt dei gjer.

Stigen var ei stor oppleving, særleg for oss som fekk sova på låven med den mest luftige utsikta over fjorden!

Fjelltur til Beitelen gav oss eit flott overblikk over både Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Den siste korte padleturen til Undredal gav tid til å gle seg over dette særmerkte, vestlandske verdsarvområde.

Turleiarane i Kvinnherad Turlag skal ha all ros for ei utruleg flott oppleving på tampen av sommarferien. Neste sommar vert det ny tur!

Å sitja slik i kajakken og oppleva så storslått natur i lag med gode folk i fjordfint selskap er gull.

IDYLL: Nærøyfjorden gjorde verkeleg inntrykk på medlemene frå Kvinnherad Turlag som nyleg var der på padletur. (Foto: Privat).

IDYLL: Nærøyfjorden gjorde verkeleg inntrykk på medlemene frå Kvinnherad Turlag som nyleg var der på padletur. (Foto: Privat).

Artikkeltags