Ferierte på Halsnøy for 50. gong

PARADIS: Lothar og Eva Lange har funne ferieparadiset sitt på Halsnøy, dei siste ti åra på Asalneset nær Sæbøvik.

PARADIS: Lothar og Eva Lange har funne ferieparadiset sitt på Halsnøy, dei siste ti åra på Asalneset nær Sæbøvik. Foto:

Det tyske paret Eva (65) og Lothar (66) Lange elskar det gode ferielivet på Halsnøy.

DEL

I slutten av april kom dei trivelege tyskarane til Halsnøy for 50. gong. Jubileet vart markert med festleg velkomst ved hytta Eva og Lothar leiger på Asalneset, nær Sæbøvik. Ein lokal velkomstkomité hadde ordna med skilt, kaffi, marsipankake, og tok vel imot dei flittige halsnøygjestene, klare for fire nye veker på Perlo. Og i august kjem dei tilbake.

Ganz wunderbar!

Eva og Lothar sin første tur til Halsnøy skjedde i 1994. Den gongen leigde dei hytte i Koløys hyttefelt.

– Kvifor vart det Halsnøy?

Det sympatiske, tyske paret tar seg tid til å forklara, og det får dei imponerande nok til på forståeleg norsk. Eva og Lothar bur nær vakre Dresden som i si tid høyrde til DDR. Då muren fall i 1989, og Aust- og Vest-Tyskland etter kvart vart slått saman, opna verda seg for austtyskarane.

– I 1990 reiste vi til Danmark for første gong og gjentok det i tre år. Der òg er det fint. Men så las vi om fiske i Norge i eit tysk blad, forklarar Lothar.

Dei ringde ein kontaktmann i Norge som dreiv med turformidling. Denne mannen skildra norsk natur og hobbyfiske i sjøen på ein svært overtydande måte.

– Slik hamna vi på Halsnøy for første gong i 1994. Vi vart overvelda av naturen, både når vi køyrde over fjellet, og når vi kom til Vestlandet og fekk sjå fjell og fossar, fjordar og skjergard.

Opp gjennom åra har dei besøkt mange turistattraksjonar i Norge, som Preikestolen, Geirangerfjorden og Trollstien. Men Halsnøy er basen, og lokale turmål som Borgundnuten, Toftåsen, Halsnøy Kloster og Blådalen, er òg stader tyskarane set høgt. Dei er elles sosiale, og kjenner etter kvart mange halsnøybuar.

– Vi likar også å gå på konsert med Strupebandet – dei har så kjekke konsertar.

DEN GONG DÅ: Her frå eit av Eva og Lothar Lange sine opphald i Koløys Hyttefelt. Bildet vart tatt i september 1995. (Privat foto).

DEN GONG DÅ: Her frå eit av Eva og Lothar Lange sine opphald i Koløys Hyttefelt. Bildet vart tatt i september 1995. (Privat foto). Foto:

Tre gonger i året

I starten av kjærleiksforholdet til Halsnøy var Eva og Lothar yrkesaktive og kunne berre feriera ta turen éin gong i året. Seinare vart det gjerne to opphald i året, og etter at dei vart pensjonistar kjem dei som regel til Halsnøy tre gonger i året. Dei siste 12 åra har dei leigd hytte via formidlingsselskapet Fjordferie Fe-riehus på Halsnøy (Kurt og Kjersti Henriksen), og dei siste ti åra er det Asalneset som har vore staden.

– Vi har ofte reist saman med venner og kjente i minibuss. Ungane har vore med, og etter kvart også barnebarn av og til. Vi føler oss heime her, smiler Eva og Lothar.

SAMARBEID: Lothar og Eva samarbeider effektivt om fiskefileteringa.

SAMARBEID: Lothar og Eva samarbeider effektivt om fiskefileteringa. Foto:

Turar i naturen, både i skjergarden, til skogs og til fjells, og samvær med vener og kjende, både hyttevenner og fastbuande, gjer opphalda på Halsnøy til eit herleg liv, fortel paret. Den dagen Kvinnheringen var på besøk, hadde Eve og Lothar vore på sjøen i 04-tida om morgonen, slik dei ofte gjer.

– Då bit fisken godt og det er stillare på sjøen. I dag var det ikkje så stor fangst, men i går fekk vi 13 lyrar og fire seiar – alle i fin storleik. Vi får også sild, og ein sjeldan gang får vi lange, ler herr og fru Lange.

Filetering, vakuumpakking og nedfrysing skjer etter alle kunstens reglar, slik at turistfiskekvota blir fylt opp på skikkeleg vis. Eva og Lothar elskar å fiska og dei elskar også å eta norsk fisk.

GODT BRUKT: Denne snart heilt nedslipte fileteringskniven vart i si tid kjøpt i det smått legendariske Koløys Kjøpesenter.

GODT BRUKT: Denne snart heilt nedslipte fileteringskniven vart i si tid kjøpt i det smått legendariske Koløys Kjøpesenter. Foto:

– Eva er veldig flink til å laga sildesalat. Dersom vi inviterer venner på mat, og kanskje spør om kva dei ønskjer å eta, ber dei fleste om norsk fisk.

Eva og Lothar rynkar på nasen ved tanken på fiskediskar med fleire dagar gamal fisk. Å ha fisk i frysen som ein veit vart frosen ned heilt fersk, er ein luksus heime i Tyskland. Og så er det kjekt å tenkja på kor fangsten kjem frå.

– Tenk å sitja i båten ute ved Hilde-øyane og med fiskestonga, og samstundes nyta utsikta mot Kvinnheradfjella! Det er balsam for sjela, meiner Lothar.

UTSIKT: Det tyske paret nyt utsikta frå stova i hytta.

UTSIKT: Det tyske paret nyt utsikta frå stova i hytta. Foto:


Artikkeltags