Opnar heimen for framande

Emma Reigstad leiger ut hytte med naust og båt gjennom AirBNB. (Foto: Mona Grønningen).

Emma Reigstad leiger ut hytte med naust og båt gjennom AirBNB. (Foto: Mona Grønningen).

Artikkelen er over 2 år gammel

Velkommen heim: Det helsar overnattingsnettverket AirBNB på heimesida si. Fleire kvinnheringar har valt leiga ut husrom til framande frå heile verda denne sommaren.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Interiørstylist Signe Schineller flytta til Rosendal i 2012, og disponerte brått fem soverom i det nye huset sitt. Ei venninne tipsa henne om å melda seg som vert gjennom AirBNB-nettverket, og som sagt, så gjort.

– Eg bur åleine med pusen, og har ingen barn og mann, enno. I tillegg er eg litt unorsk på den måten at eg synest det er kjekt å invitera folk inn til meg. Her kjem somme gjester til kjøkenet i berre pysjamasen om morgonen, så det er heilt klart at dei kjenner seg heime, smiler Schineller.

Ideen bak AirBNB er nettopp den at gjestene skal kjenna seg heime trass i at dei er vekke.

– Det som ofte går igjen hos desse gjestene, er at dei ønskjer seg noko anna enn hotellrom.

Schineller er frilans interiørstylist, fotograf og magasinjournalist, og pendlar nokså hyppig mellom Rosendal og hovudstaden. Siste store jobben nyleg var som innreiingsansvarleg for den komande NRK-serien «Skapet».

– Som frilansar har eg ikkje feriepengar, så utleige gjennom AirBNB gir meg litt ekstra inntekt i sommarmånadane, forklarer ho.

Schineller leiger både ut enkeltrom og heile huset, alt ettersom.

– Når eg er på oppdrag i Oslo eller andre stadar over tid, leiger eg gjerne ut heile huset. Er eg heime, har eg eitt av soveromma sjølv og fyller då gjerne opp dei andre med gjester.

Gjester har ho hatt frå heile verda – Kina, Russland, USA, Austerrike, Danmark og så vidare.

– Felles for så å seia alle som har budd hos meg, er at dei er her for å gå på fjelltoppar. Då er det ofte Trolltunga, Preikestolen og desse godt kjende turistmåla, men eg har fleire gonger overtydd dei om å prøva ut rosendalsfjella i tillegg, og då har dei gjerne blitt her nokre dagar ekstra. I tillegg har eg fått dei aller fleste gjestene mine til å bada i fjorden, ler ho.

– Har du hatt nokre negative opplevingar med å opna heimen for framande?

– Veldig få. Éin gong kom eg heim til tømt kjøleskap, og éin gong hadde eg ein familie her som blei veldig husvarm – far sjølv steikte kotelettar så det osa over heile huset og utøva ein mildt sagt spenstig form for yoga over heile terrassen. Men alt i alt er gjestene veldig omsynsfulle, høflege og reinslege. Så er det jo sånn at både gjester og vertar blir rangerte. Dersom eg har ei dårleg oppleving med ein gjest, vil eg skriva det i rangeringa, og gjesten vil kunna få problem med å leiga hos andre seinare, forklarer Schineller, som sjølv har fått svært gode rangeringar av gjestene som har budd hos henne.

Elles opplever ho òg at ein del av gjestene har forventingar til at ho skal vera litt «reisebyrå» for dei, i den forstand at ho må svara på ein god del spørsmål om turmål, båtruter og alle sånne ting.

– Dette kan bli litt stress til tider, men det gjeld langt frå alle. Du har òg ein god del av dei gjestene som klarar seg heilt sjølv, og som ein difor nesten ikkje ser noko til. Eg har elles kjøpt inn ein heil del gjestesengetøy og handdukar, og det er ikkje til å stikka under ein stol at det er mykje arbeid med å vaska desse.

– Kjem du til å halda fram med dette, trur du?

– Så lenge eg bur åleine og har den kvardagen eg har, vil eg nok det. Eg er alt i alt godt nøgd med denne måten å leiga ut på. Ein får snakka med mange spennande menneske frå heile verda, og det er ein veldig sikker og trygg måte å leiga ut på, seier ho.

Monica og Simon Musland-Massey er naboane til Schineller. Dei lét seg inspirera, så då den eine sokkelleiligheten deira blei ledig 1. juni i år, bestemte dei seg for å prøva å leiga denne ut gjennom AirBNB-nettverket for sommaren.

– Eg har alltid hatt lyst til å driva med bed and breakfast, og tenkte at utleige av sokkelen kunne vera ein fin måte å prøva dette ut på. Vi tok bilde og ordna ein profil, og det tok ikkje lang tid før vi hadde første bestillinga, fortel Monica Musland-Massey.

Sidan gjekk det slag i slag.

– Juni var nokså roleg, for då var vi heile ferske i dette. Men i juli tok det seg monaleg opp. På førehand trudde vi at august og september skulle bli rolegare att, men så er det då resten av Europa har ferie, så det skulle visa seg å bli gode månadar, det òg, seier Simon.

– Er det mykje arbeid med denne forma for utleige?

– Ein del meir enn ved langtidsutleige, for ein skal jo reingjera til kvar gjest som kjem. Ein av grunnane til at vi byrja med dette, var at vi skulle vera heime stort sett heile sommaren, då eg skulle jobba. Difor hadde vi høge til å vera til stades, laga til og ta imot gjestene våre, forklarer Monica.

Simon fortel at god reingjering og godt inntrykk elles er av viktig betyding i AirBNB-konseptet.

– Inne på profilen vår blir vi vurdert av gjester som har budd hos oss. Her blir det særleg lagt vekt på at det er reint og fint, naturleg nok. I tillegg er det ein føremon at ein har reidd opp sengene før gjestene kjem, og kjem dei seint, legg vi gjerne inn litt mat til dei òg. Og så er det fint om ein syt for at salt, pepar, matolje og sånne ting er på kjøkenet, slik at gjestene er hjelpne når dei skal laga seg mat, fortel Simon.

Han viser og forklarar korleis rangeringssystemet fungerer, og den talar sitt tydelege språk. Gjestene er alt i alt svært godt nøgde med opphalda sine hos dei.

– Det er utruleg kjekt når ein får gode tilbakemeldingar, og ser at folk har hatt det triveleg hos oss. Så får vi kjekke ting ut av det sjølv òg. Det er spennande å snakka med folk frå ulike land og kulturar, og høyra deira historier. Også ungane synest det er spennande at vi opnar opp for verda her i heimen, smiler paret.

– Men det er ikkje alle gjestene vi har helst på i det heile. Det er ein nøkkelboks på døra som dei nyttar seg av, så dei som ønskjer å vera heilt for seg sjølve, har fullt høve til det. Gjestene er veldig ulike, og har følgjeleg ulike ønskjer for opphaldet sitt. Einskilde har eit supertett program planlagd alt før dei kjem, seier Simon.

– Kva land har gjestene kome frå?

– Frå Kina, Frankrike, Tyskland, Russland, USA og så vidare. Mange sprekingar, som har lagt inn turar til Trolltunga eller Preikestolen i norgesbesøket, fortel paret.

Hos dei har budd både sjonglørar, yogainstruktørar og flygeleiarar.

– Det er nok ein del folk med alternative livssyn som vel å reisa på denne måten. Men òg forretningsfolk som er trøytte av å bu på hotell, og difor ønskjer ei litt anna oppleving når dei då er på fritidsreiser, trur Monica.

Frå 1. oktober skal sokkelleiligheten ut på langtidsleie att, så då er det slutt på AirBNB i denne omgang.

– Har det gjeve meirsmak?

– Ja, det har vore veldig kjekt å leiga ut på denne måten. Alt er så ordna. Ein er godt forsikra gjennom nettstaden, dei som kjem er referansesjekka og rangerte, og betaling går av seg sjølv. Og så får ein kjekke opplevingar ut av det sjølv òg. Vi ser ikkje vekk frå at vi vil leiga ut eit rom inne her i hovudhuset til neste år, fortel paret.

Marit Hass er endå ein rosendeling som har prøvd seg som AirBNB-vert i sommar.

– Eg var medlem i eitt års tid før eg bestemte meg for å leiga ut sjølv. Planen var eigentleg å bruka medlemskapen til reiseføremål sjølv, men så fekk eg lyst til å prøva å leggja inn ein presentasjon av heimen min. Eg blei overraska over kor raskt den første bestillinga kom inn, fortel ho.

Til liks med Schineller og Musland-Massey, fekk ho i hovudsak gjester som hadde planar om å gå i fjelltoppar. Særleg Trolltunga.

– Forbausande få hadde høyrt om baroniet, og mange fekk seg ei overrasking då dei oppdaga at dei budde nærast i hagen til eit slott.

Hass bur åleine, og tenkte at AirBNB-vertsrolla kunne vera kjekk med at huset blei fylt opp av folk no og då. Ho leigde ut tre soverom, men éi natt hadde ho besøk av ikkje mindre enn sju indarar.

– Dei kom seint på natt, og trong berre litt tak over hovudet for natta før dei skulle på ein fjelltopp. Det var berre kjekt det, ler Hass, som til liks med dei andre har hatt folk frå heile verda på overnatting.

– Det har ikkje vore mykje arbeid med det. Så lenge senga har stått klar, så har dei fleste gjestene ordna seg godt sjølve, fortel ho.

– Kvifor trur du denne måten å bu på har blitt så populær?

– Mange er kanskje litt trøytte av å bu på hotell, og ønskjer ei litt anna oppleving. Og for mange handlar det nok om ein livsfilosofi om det enkle liv, trur ho.

Roger og Emma Reigstad leiger også ut ei hytte på Halsnøy gjennom AirBNB.

I sommar skulle vi i konfirmasjon i Oslo, men fordi det skjedde så mange arrangement i hovudstaden på den tida var hotella dyre. Vi var to familiar på fem som skulle reisa, og då sjekka eg ut om det låg noko på AirBNB. Vi fann eit heilt hus vi kunne leiga som låg i Bærum, og det blei ei fantastisk oppleving, fortel Emma-Kristin. Hytta dei to har kjøpt ligg vegg i vegg med huset dei bur i i Eidsmarka, og dei har brukt sommaren på å pussa den opp for å kunna leiga den ut. Dei leiger den i hovudsak ut gjennom FjordFerie drive av Kurt Henriksen, men paret har også lagt ut annonse på Finn.no og AirBNB. Førre veke fekk dei si første «booking» gjennom AirBNB.

– Ein familie på to vaksne og to barn frå Israel budde der i tre dagar. Hytta har også eige naust, og dei kan låna båt.

Emma synest nettsida til AirBNB er veldig enkel og grei å bruka:

– Den er veldig oversiktleg, og i tillegg gir AirBNB oss tips og råd til kva vi som utleigarar bør tenkja på, og påminningar når opphaldet til dei som skal leiga nærmar seg. Det er veldig greitt.

Artikkeltags