Inviterer til traktorsafari uti det veglause

Det er ikkje kvar dagen ein har høve til å følgja doningar som denne. Det ser rart ut, men lang erfaring borgar for at det går heilt fint. (Foto: Astrid Ljone).

Det er ikkje kvar dagen ein har høve til å følgja doningar som denne. Det ser rart ut, men lang erfaring borgar for at det går heilt fint. (Foto: Astrid Ljone).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Alt dette er viktige ingrediensar i dagsturen det vert invitert til torsdag 7. juni. Bak opplegget står Fagforbundet Kvinnherad, gruppa for pensjonistar og uføre. Like visst som forsommaren kjem, når han måtte finna det for godt, inviterer denne gruppa til dagstur for medlemene med ektefelle. Og skulle det bli ledige plassar, er kven som helst velkomen til å hiva seg med.

Styremedlemene Astrid Ljone og Liv Sæbø Eik håpar på god oppslutning om den noko eksotiske turen i år.

Reisemålet er Eikemo gard, den veglause garden som vert driven på gamlemåten på nordsida av Åkrafjorden. Mange kjenner nok til denne, som også har hatt besøk av Oddgeir Bruaset  i NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Turen går med eigen buss frå Husnes om morgonen. Første stopp, forutan pausen på ferja til Skånevik, vert på Åkrafjordtunet. Herfrå, det vil seia frå Teigland, går båten over til Eikemo på andre sida av fjorden, og dermed er ein komen over i det veglause. Men traktorar og traktorvegar finst det. Gruppa vert henta på kaien av ein traktor med ein heil spesiell tilhengar. Den ser nesten ut som ei trikkevogn med tak og greier. 25 sete har den. Og ettersom Ljone og Eik satsar på 50 deltakarar, må gruppa delast i to. Dei som ikkje kjem med i første traktorlasset, får seg ein ekstra båttur til den staselege Langfossen for å korta ventetida. På returen får den andre gruppa ein tur til same fossen.

Bonden på garden Eikemo heiter Geir Arne Eikemo.

– Han guidar og fortel med alvor og humor om liv og lagnad for gardar og folk i før- og notid, fortel Ljone, som har vore på staden før.

God, gamaldags mat står òg på menyen. Rømmegraut og spekekjøt vert servert i gamlestova på garden.

Turen er ikkje fysisk strabasiøs, men lett vandring i terrenget må ein rekna med. Gode sko er derfor ein fordel.

– Dagen byr på fine opplevingar som ein ikkje kan få med seg på eiga hand. Tur med gruppe og guide må til for å få fullt utbyte. Derfor håpar eg at mange blir med oss på denne spennande reisa bakover i tid, helsar Ljone.

Eik har også vore på Eikemo før og legg til:

– Turen kan anbefalast på det varmaste.

– Bli med oss på tur, oppmodar Astrid Ljone (t.v.) og Liv Sæbøe Eik i Fagforbundet si gruppe for pensjonistar og uføre.

– Bli med oss på tur, oppmodar Astrid Ljone (t.v.) og Liv Sæbøe Eik i Fagforbundet si gruppe for pensjonistar og uføre.

Artikkeltags