Gå til sidens hovedinnhold

Turisthotellet sel betasuppe til inntekt for flyktningarbeidet som Marte og Amalie er engasjerte i

– Eg er så imponert over desse to jentene sitt usjølviske engasjement.

Det seier Ove Hillesland ved Rosendal turisthotell.

Han er arbeidsgjevar for venninnene Marte Prestnes Ersland og Amalie Moss, som har engasjert seg i flyktningane på Chios sin situasjon.

– Då jentene fortalde om kva dei gjer på fritida – at dei reiser til Hellas for å hjelpa flyktningar – blei eg nokså sett ut. Eg er så imponert over desse to jentene sitt usjølviske engasjement, og har lyst til å sjå om eg ikkje kan bidra littegrann eg òg, seier Hillesland.

Derfor skal han laga betasuppe som han vil selja til inntekt for flyktningane.

– Laurdag 29. august kjem eg til å selja betasuppe her på turisthotellet, og pengane vil gå uavkorta til jentene sitt arbeid, seier han.

Les også

Då Marte (20) kom heim frå den greske øya Chios freista det lite å feira jul og nyttår: – Ho berre sat inne og stura

Kommentarer til denne saken