Hytta er den sjette hytta som blir sett opp i regi av Interesselaget Vardhaugselet. Dyrrindo finn du etter ein halvannan times gange på stien som går frå Tveitedalen til Ulvanåso.

– Alt etter kor fort du går, tar det om lag ein time, kanskje halvannan. Det er rundt 400 høgdemeter ein skal opp, forklarar Ove Tvedt i interesselaget.

Han fortel at det låg eit sel på Dyrrindo som den nye eigaren på garden Tveit stilte til disposisjon for interesselaget for eit par år sidan.

– Me fekk tilbodet om å overta drifta og vedlikehaldet av selet, men bestemte oss for  å riva og byggja eit nytt og meir funksjonelt sel, og i tillegg ein rasteplass i form av eit grindabygg som gir tak over hovudet, fortel Tvedt.

Hytta og rasteplassen har blitt ferdigstilt i det siste, og på søndag blir det altså opning.

– Folk må ha med niste på tur, men me byr på musikk, kaffi og fruktsuppe, lovar Tvedt.

I tillegg kan han lokka med eit interessant foredrag:

– Det kjem ein geolog frå Universitetet i Bergen som skal fortelja oss om korleis breane forma landskapet i dette området. Dei siste 500 metrane til Dyrrindo går på ei kvass sidemorene, fortel Tvedt.

I kjend stil garanterer han knallvêr og ønskjer alle hjarteleg velkomne.

– Dette er truleg den siste hytta interesselaget byggjer, så det gjeld å vera om seg!