Kvifor ser det ut som det gjer rundt Dyrrindo?

DYRRINDO: Den nye hytta på Dyrrindo vart opna i fjor. Dette bildet er frå vesle julaftan.

DYRRINDO: Den nye hytta på Dyrrindo vart opna i fjor. Dette bildet er frå vesle julaftan. Foto:

Måndag kveld (25. mars) blir det naturgeografisk kulturkveld og sosialt samvær i Utåker bygdehus.

DEL

To geologar frå Universtitetet i Bergen (UiB) vil fortelja om korleis isbreane i si tid forma landskapet i Dyrrindo-området. Arrangørar er Interesselaget for Vardhaugselet og støttelaget til Høyåker Musikklag.

Då interesselaget opna den nye turhytta på Dyrrindo i september i fjor, stod også eit naturhistorisk føredag på programmet. Men geologen måtte melda forfall.

– Med det vêret me hadde under opninga, var nok det like greitt, seier leiar interesselaget, Ove Tvedt.

Den naturhistoriske kulturkvelden er dermed ei god erstatning som byr på tak over hovudet, formidling av landskapshistorie, korpsmusikk, kaffi og kaker. Ekspertisen frå UiB kjem i form av John Inge Svendsen, professor ved institutt for geovitenskap, og stipendiat Carl Regnell.

– Geologane vil forklara korleis breane forma landskapet i området. Dei siste 500 metrane til Dyrrindo går på ei kvass sidemorene, fortel Tvedt.

Det er området rundt Ulvanåso, Mjelkhaug, Tveitedalen og Holmedalsmarka det vil handla om.

– Breen som kom ut Børsdalen og møtte storobreen som kom ut Åkerfjorden. Dermed fekk vi morenerygg på Bakkastølen ved Ternebu og sletta på moane og ned til Tveit, forklarar Tvedt.

I sommar tok UiB grunnprøvar i Holmedalsmarka. Då fann dei at det hadde vore litt dramatikk i området langt tilbake i tid.

– Eit stykke ned kom dei til eit 20 centimeter tjukt oskelag som stamma frå eit vulkanutbrot på Island for 12.000 år sidan, fortel Tvedt.

Han håpar geologane ved UiB med tida vil laga nokre informasjonsskilt som interesselaget kan setja opp langs stiane i området.

– Vi kan lova ein interessant kveld – alle er hjarteleg velkomne, seier Tvedt.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags