– Hydro er ei kunnskapsbedrift og vi ønskjer å bidra til arbeidet Unicef gjer for å gi utdanning til born som lever i ein vanskeleg situasjon, sa Hydro Husnes-sjef Johan Berg då sjekken vart overrekt.

– Og vi utfordrar både eigne tilsette, andre bedrifter og folk elles i Kvinnherad om å støtta TV-aksjonen, la han til.

Den lokale TV-aksjonskomiteen er sjølvsagt strålande glad for ein slik pangstart.

– Dette var ein fin start og vi er glade for at Hydro Husnes held fram denne tradisjonen, takka Veronica T. Thorsen.

Torsdag skal Sunnhordlands-regionen ha felles ringedugnad overfor bedriftene i området.

– Det blir kamp kommunane imellom om å oppnå best resultat, og no er me alt godt i gang, smilte Veronica T. Thorsen.

Leiar i komiteen, ordførar Peder Sjo Slettebø, nytta også høvet til å takka Hydro Husnes.

– Vi er glade for det samfunnsansvaret Hydro Husnes viser gjennom dette store bidraget. Det er òg eit kraftig bidrag til at Kvinnherad kan hevda seg i toppen av gåvmilde sunnhordlandskommunar, både i bedriftsavdelinga og i kroner per innbyggjar. Vi var i toppen i fjor og vil gjerne vera der i år òg, sa ordføraren.

Med omsyn til bøsseberarar er det framleis trong for fleire:

– Særleg på Løfallstrand og på Sunde. Ta kontakt med frivilligsentralen eller via nettsida blimed.no, oppmodar Veronica T. Thorsen.

I år går pengane frå NRK sin tv-aksjon til UNICEF sitt arbeid for å gi utdanning til barn ramma av krig og konflikt.