Stor pengegåve til tv-aksjonen

PANGSTART:Administrerande direktør Hydro Husnes, Per Øyvind Sævartveit, gav den lokale aksjonskomiteen for årets TV-aksjon ein pangstart ved å bidra med 100.000 kroner. Frå venstre Oddrunn Steinsland, Carina Johnsen, Per Øyvind Sævartveit og Veronica Thorkildsen Thorsen.

PANGSTART:Administrerande direktør Hydro Husnes, Per Øyvind Sævartveit, gav den lokale aksjonskomiteen for årets TV-aksjon ein pangstart ved å bidra med 100.000 kroner. Frå venstre Oddrunn Steinsland, Carina Johnsen, Per Øyvind Sævartveit og Veronica Thorkildsen Thorsen.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Torsdag vart representantar frå den lokale TV-innsamlingsaksjonen invitert til Hydro Husnes, der venta det ei flott pengegåve.

DEL

Hydro Husnes har tradisjon med å bidra til dei årlege TV-aksjonane. Men det er ikkje så ofte at dei blar opp sjekkar med så store summar som dei gjer i år.

– Vi håpar dette kan bidra til at den lokale innsamlingsaksjonen får ein pangstart. Men det må ikkje bli ei sovepute for resten av Kvinnherad, heller ein inspirasjon både for innbyggjarane og andre bedrifter til å bidra, sa administrerande direktør Per Øyvind Sævartveit.

Inne i lokala til Hydro Husnes hadde han med seg ein sjekk på 100.000 kroner som han overleverte til Veronica Thorkildsen Thorsen i Kvinnherad kommune og dei to Røde Kors-representantane Carina Johnsen (korpsleiar) og Oddrunn Steinsland (flyktningkoordinator).

Pengane frå årets TV-aksjon går til Røde Kors. Dei skal nyttast til å gje livsviktig hjelp i land som mellom anna Syria, Libanon, Sør Sudan, Somalia, Afghanistan og Myamer. Nokre av pengane skal nyttast til flyktninghjelp i Norge.

 – Røde Kors er ein organisasjon som har brei appell både hos våre tilsette og generelt. Alle treng vi Røde Kors. Denne organisasjonen er veldig viktig for oss alle. Den globale og nasjonale hjelpa som Røde Kors bidreg med er forskjellig, men har likevel noko felles. Vi er veldig glade for å kunne bidra til årets aksjon der pengane går til Røde Kors, sa Sævartveit.

– Dette var ein veldig flott start for årets TV-aksjon i Kvinnherad, sa Veronica Thorkildsen Thorsen som mottok sjekken på vegner av Kvinnherad kommune.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken