Kvinnheringane gav 650.000 kroner

(Illustrasjonsbilde).

(Illustrasjonsbilde).

Artikkelen er over 4 år gammel

TV-aksjonskomiteen i Kvinnherad ønskjer å takka alle som var med å gjera TV-aksjonen 2015 til ein suksess.

DEL

Totalt kom det inn kr. 656.997 kroner frå Kvinnherad, noko som betyr nesten 50 kroner per person. Det er meir enn landssnittet, der folk gav 35,40 kroner per person i snitt. I år gjekk pengane til Regnskogfondet. Per måndag morgon var det samla inn 182.941.017 kroner totalt for heile landet.

– Tusen takk til alle som gav, gjekk med bøsse, stilte som rodeleiar eller bidrog på andre måtar! melder TV-aksjonskomiteen i Kvinnherad via Kvinnherad kommune si Facebook-side.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags