Kvinnheringane gav meir enn snittet

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Kvar kvinnhering har i snitt gitt 55,47 kroner til årets tv-aksjon, medan snittet i landet er 41,55 kroner.

Totalt er det i Kvinnherad kome inn 734.502 kroner til Unicef, medan det under fjorårets aksjon kom inn 801.000 kroner. Til årets aksjon er det i Norge kome inn totalt 218.586.896 kroner.

Av kommunane i Hordaland er det som vanleg dei minste kommunane som har gitt mest per innbyggjar. I Modalen har dei gitt 163 kroner per innbyggjar, medan Eidfjord som er nummer to i fylket har gitt 130 kroner per person. Av dei 33 kommunane i fylket er Kvinnherad nummer 14. Minst per person har dei gitt på Askøy, der det er kome inn 16,84 kroner for kvar innbyggjar i kommune.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags