Regnskogen er heilt avgjerande for å skapa det klimaet vi kjenner, og husar over halvparten av alle dei dyre- og planteartane som har utvikla seg på landjorda sidan tidenes morgon. Halvparten av den tropiske regnskogen er rasert sidan 2. verdskrig, og den held fram med å forsvinna for kvart minutt som går. Regnskogfondet, som blei etablert i 1989, er ein norsk organisasjon som støttar prosjekt i 11 regnskogland og samarbeider med 70 lokale organisasjonar.
– 260 millionar menneske har regnskogen som sin heim. Gjennom å støtta desse med opplæring i kva rettar dei har, juristhjelp og skogovervaking, for å nemna noko, bidreg ein til å bevara regnskogen. «Vi skal vokte regnskogen» er mottoet for årets aksjon, fortalde Anniken Kjeka, dagleg leiar for Kvinnherad frivilligsentral, då aksjonsgruppa tysdag heldt pressekonferanse om årets aksjon.
– Arbeidet hjelper. Sidan 2005 er avskoginga i Brasil redusert med 75 prosent. Og bruken av palmeolje, som bidreg til at store delar av regnskogen blir hoggen ned, er sterkt redusert etter at ein har fått mykje merksemd på dette, sa ordførar Synnøve Solbakken.
– Kong Harald sjølv er høgaste beskyttar av TV-aksjonen NRK Regnskogfondet, la Linn Stene Hellås i aksjonsgruppa til.
TV-aksjonen, som er verdas største dugnad, er heilt avhengig av at frivillige stiller opp.
– Vi treng framleis rodeleiarar på Hatlestrand, Seimsfoss, Rosendal, Baugstranda, Åkra, Valen og Halsnøy Kloster. Elles treng vi òg sjølvsagt bøsseberarar i alle bygdene.
Frivillig i aksjonsgruppa, Andrea Albrethson, oppmoda til å ta bøsseberinga som ein fin søndagstur.
– Elles vil eg òg oppmoda skular, barnehagar, institusjonar og andre til å finna på kjekke sprell for å få inn pengar, sa ho.
Nytt av året er ein felles ringedugnad i Sunnhordland, der bedrifter den 13. oktober vil få ein telefon med oppmoding om å bidra i ein gjevarstafett.
– På tampen vil eg nytta høvet til å retta ein stor takk til Inn på tunet/Grøn omsorg i Omvikdalen som kvart år gjer ein fantastisk jobb med å klargjera dei 200 bøssene som skal ut her i kommunen, sa Solbakken.