Ordføraren og fleire på dugnad for TV-aksjonen

Ringedugnad for TV-aksjonen er i full gang. Her ser vi framme frå venstre: Kristine Røyrvik, Hege Lægreid Røssland og Daniel Haugland. Bak frå venstre: Ordførar Hans Inge Myrvold, Ellinor Rein og Synnøve Handeland.

Ringedugnad for TV-aksjonen er i full gang. Her ser vi framme frå venstre: Kristine Røyrvik, Hege Lægreid Røssland og Daniel Haugland. Bak frå venstre: Ordførar Hans Inge Myrvold, Ellinor Rein og Synnøve Handeland. Foto:

Seks personar held i dag på å ringa rundt til små og store bedrifter i Kvinnherad for å oppmoda dei til å støtta TV-aksjonen 2019.

DEL

Den årlege ringedugnaden for TV-aksjonen er i gang. I dag er ordførar Hans Inge Myrvold i lokala til Kvinnherad Næringsservice på Husnes for å ringa rundt til ulike bedrifter. Med seg har han Hege Lægreid Røssland, som også representerer kommunen, Daniel Haugland frå Tysnes Sparebank som representerer ei bedrift, samt Ellinor Rein, Synnøve Handeland og Kristine Røyrvik, som alle representerer styret i Kvinnherad Næringsservice.

– Vi prøvar å ringa så mange bedrifter som mogleg, små som store, fortel Myrvold, som sjølv har ringt eit titals bedrifter halvvegs inn i dugnaden.

– Kva reaksjonar får de?

– Dei aller fleste er positive, og mange vil bidra. Ikkje alle kan ta det på sparket, då dei har eit styre dei må forholda seg til. Men mange viser vilje til å gi, ja, fortel Røssland.

Handeland legg til at dersom det er nokon bedrifter som ikkje høyrer frå ringedugnaden, er dei likevel høgst velkomne til å bidra.

– Ta gjerne kontakt med oss. Vi synest jo det er veldig stas dersom gåvene blir registrert på kommunen vår, smiler gjengen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags