Kvinnherad kommune blei rangert som fem i Hordaland av dei som gav mest pengar til årets tv-aksjon.
Totalt kom det i år inn 843.134,- kroner til årets tv-aksjon frå Kvinnherad, der pengane går til Kirkens Bymisjon. Berre Bergen, Askøy, Bømlo og Stord fekk inn meir pengar får innbyggjarane sine i totalbeløp.
Basert på innbyggjartal i kommunen vart vi nummer elleve, og det kom i snitt 63,67 kroner frå kvar innbyggjar. Som vanleg er det Eidfjord og Modalen som får inn mest per innbyggjar med 157 og 148 kroner. Minst per innbyggjar i Hordaland fekk dei inn i Fjell og Sund, med 36 kroner i snitt per innbyggjar.
Imponert
Ordførar Peder Sjo Slettebø skryt over gåvmilde kvinnheringar. Det er flott at vi i statstikken gjev meir enn nabokommunane våre som Stord, Odda og Tysnes, seier ordføraren.
– Vi ligg ofte høgt på denne statstikken, og det gler meg. Eg vil senda ein stor takk til alle som gav til Kirkens Bymisjon. Eg trur dette er noko som treff mange kvinnheringar.
Ordføraren vil òg rosa alle som har gjort ein innsats for aksjonen og takka alle bøsseberarane.
– Vi har sjeldan problem med å få bøsseberarar, og det er utruleg bra, det klarer ein ikkje alle stader. Så, tusen takk alle saman, helsar ordføraren.