Varaordførar Hans Inge Myrvold og ordførar Peder Sjo Slettebø samla inn 60.000 kroner til tv-aksjonen på nokre få timar torsdag føremiddag.

Rådmann Torstein Aarthun la merke til hektisk aktivitet på nabokontoret sitt i føremiddagstimane i dag. Både ordførar og varaordførar var med på ein ringedugnad for TV-aksjonen.

– På halvanna time hadde desse karane skaffa dei vel kr 60.000 til dette føremålet. Dette kjem i tillegg til gåva frå Hydro og det lokale næringslivet har då bidrege med over kr 160.000 kroner så langt. Stor honnør til karane med telefonane og til vårt lokale næringsliv, helsar rådmannen.