Som ein kick-off for TV-aksjonen, blei det i går (fredag) arrangert ein internasjonal kulturfest i Kulturhuset Husnes. Rundt 250 personar frå eit stort tal ulike nasjonar fann vegen til festen i festsalen, blant desse mange barn. I år skal pengane frå TV-aksjonen gå til Unicef, som arbeider for å gi barn i konfliktråka land høve for utdanning. Eitt av fem barn i krigs- og konfliktområde står i dag utan skulegang. Unicef sitt mål er å jobba for at barna ikkje skal få øydelagt framtida si på grunn av dei vaksne sine krigar og konfliktar. Pengane skal brukast på utdanning til barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan.
- Det handlar om å satsa på framtida, helste Anne Sofie Bjelland Kjeka, som var konferansier under festen.
Frå scena blei det halde appellar og konsertar, det var arabisk dans og arabisk song. Elevar frå kulturskulen, Vaksenopplæringa og Undarheim skule var av dei som bidrog på scena. Barn frå alle nasjonar leikte og lo saman på festen, og minna oss om at barn er barn, som etter barnekonvensjonane har dei same rettane, uansett kor ein kjem frå.
Frå ein rikhaldig buffé kunne ein forsyna seg med mykje god mat, både norsk og utanlandsk. Noko hadde kjøkenet laga, noko var korgemat som folk hadde tatt med. Dei som ville, kunne òg bidra med nokre kroner i TV-aksjonsbøssa.
Festen har blitt skipa til med frivillig innsats, og med midlar frå IMDI. Veronica T. Thorsen i TV-aksjonskomiteen var godt fornøgd med kvelden.
- Det er jo full sal i kveld, og sånt er stas når ein skipar til noko. Vi har mykje flott underhalding, god mat og glade folk her, så dette er strålande, helsa ho, og oppmoda elles alle til å ta godt i mot bøsseberarane i helga.