TV-aksjonen 2021 er i full gang. Bøsseberarar har i ettermiddag ringt på dører over heile landet for å samla inn pengar til Plan International og arbeidet mot barneekteskap.

Oppteljinga er berre så vidt i gang, og utover kvelden blir det som alltid ei sending på NRK, så aksjonen pågår enno i nokre timar. Derfor er det for tidleg å seia noko om summen totalt og frå dei einskilde kommunane i skrivande stund.

Men vi spør Veronica T. Thorsen, leiar i den lokale TV-aksjonskomiteen, om korleis dagen har vore:

– Det har vore litt vanskelegare enn tidlegare å få med bøsseberarar, men dei som har gjort ein innsats, har gått nokre ekstra steg, så til slutt hamnar me ikkje så langt unna mål. Det er fantastisk å sjå både store og små bøsseberarar og ikkje minst rodeleiarar som står på og gjer ein uvurderleg innsats for TV-aksjonen, summerer Thorsen opp.