«This is it» er ein dokumentarserie om sju unge klededesignarar frå Klede- og kostymedesign ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO). Ein vil kunne følgja Sahr og dei seks andre designarane frå dei fullfører ein bachelor, og skal vidare ut i arbeidslivet.

I intervju med NRK fortel Sahr om korleis det var å veksa opp i Kvinnherad, med få moglegheiter for å læra seg design.

– Eg måtte jobba hardt for å halda draumen i live, seier Sahr til NRK.

Serien er ein av storsatsingane til NRK denne våren når det gjeld ei ung målgruppe, og har allereie fått ei god mottaking etter ein førpremiere på Oslo Runway, der Sahr hadde si debutantvisning. Sahr er også den personen som opnar heile serien, der han fortel om korleis det er å ikkje bli hundre prosent forstått.

«This is it» handlar mykje om forventningspresset designarane kjenner på, og ein vil kunna følgja deltakarane eitt år etter dei er ferdige med bacheloren.

Serien har premiere på NRK TV 2. april, der dei slepp dei fire første episodane. 4. april vil den kunna sjåast på NRK1.