– Takk, alle kvinnheringar!

Fredag opptredde Arne Torget på direktesendt tv i Kvinnheradsbunad. No vil han takka alle som støtta han. (Foto: TV 2).

Fredag opptredde Arne Torget på direktesendt tv i Kvinnheradsbunad. No vil han takka alle som støtta han. (Foto: TV 2).

Husnesingen Arne Torget er rørt og overvelda over all støtta han fekk i helga, då han var på tv i den første direktesende semifinalen av Norske Talenter på TV 2.

DEL


– Kjære kvinnheringar i alle grender og krokar: Tusen takk for ei fantastisk støtte under semifinalen min i Norske Talenter. Det var ei fantastisk oppleving å stø føre kamera med Kvinnheradsbunaden på og kjenna støtta heimefrå! Eg gjorde mitt beste og blei topp tre i eit knallsterkt program takka vere dykk. Eg er stolt av å vera kvinnhering, og er utruleg takksam for alle stemmer og alle kjekke helsingar eg fekk i etterkant, skriv Torget i ein e-post til Kvinnheringen.

Torget ønskjer å dela teksten han framførte, og som han skreiv for høvet.

– Målet mitt var å skriva noko som kunne bety noko for nokon, og skulle eg ryka ut så ville eg gjera det med stil, i bunad, fortel han.

Her er diktet han framførte:

DU KAN VERA DEN BESTE AV DEG SJØL

Har du tenkt på at du er heilt unik?

Du har all grunn til å kjenna deg rik!

Akkurat DU er heilt spesiell

Ha tru på deg sjøl, du kan flytta fjell.


Ikkje tenk på truslar i det fjerne

I ditt liv er det du som er stjerne!

Det er ingenting som kjem rekande på ei fjøl

-men du kan vera den beste av deg sjøl.


Vaknar du med usikkerhet og tvil

Stå opp og møt dagen med eit smil.

Snu deg sjølv til følelsen av lykke

Tenk at livet er ein fest og at du er eit smykke.


Ikkje gå ut i dagen og ver redd

Ikkje tenk at du er det svakaste ledd.

Gå ut i kvardagen og ta initiativ

Det er du som er sjefen i ditt liv.


Ikkje la dumme tankar vinna

Gjer dei små, la dei forsvinna.

Du må ikkje vere redd for å feile

Husk at sjefen, han ser du i speilet.


Gjer små ting som gjer deg meistring

Tillat deg sjølv å skapa begeistring.

Våg å ver sterk, våg å kjenn glede

Våg å ver våken, våg å ver til stede!


Gå ut i dagen med ditt gode humør

gjer ting du aldri har gjordt før.

Spre glede og la folk få sjå

Gå gjerne ut i kvardagen med bunaden på.


Vær den beste av deg sjøl, gå med ryggen rak

Den beskjedne deg kan du trygt legga bak.

Gå ut i kvardagen med sjøltillit og tru

– den beste til å vera deg, det er du!

Artikkeltags