I kveld ser du 71° Nord-deltakarane i Kvinnherad

I kveld kan du sjå deltakarane i 71° Nord bryna seg på kvinnhersk natur.

I kveld kan du sjå deltakarane i 71° Nord bryna seg på kvinnhersk natur. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I kveldens episode av 71° Nord (tysdag) ser du bilde frå Kvinnherad. Deltakarane startar etappen ved Ænes med mål om å bestiga Gygrastolen. Først får du sjå dei i eit svært eksponert og luftig taulag på toppen, før dei køyrer på ski ned igjen til mål der dei starta etappen. Laget som kjem først i mål er sikre, medan det tapande laget skal ut i ein konkurranse der taparen skal ut i duell etter neste program. Utfordringane står i kø: Det er blytunge høgdemetrar i starten av dagen, ein luftig affære på toppen som vil bli krevjande for dei med høgdeskrekk, og ein skitur ned på vanskelege forhold. Episoden blir sendt tysdag kveld på TVNorge.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags