I heile fem døgn skal deltakarane og tv-teamet ha base i Rosendal. Totalt tel følgjet så mange som 46 personar, og dei skal overnatta på Rosendal Turisthotell.

Eirik Hamre i produksjonsteamet fortel at det vil skje mykje i området, utan at han vil røpa så mykje meir.

I denne utgåva av serien er det følgjande deltakarar: Anders Jacobsen (skihoppar) Thomas Ulsrud (curlingspelar), Hans Petter ”Burre” Buraas (tidlegare alpinkjører), Jonas Kinge Bergland (komikar og lege), Erlend Elias Bragstad (stylist), Siri Kristiansen (radioprogramleiar og komikar), Agnete Kristin «Aggie» Johnsen (artist), Ann Kristin Flatland (skiskyttar), Kristin Størmer Steira (tidlegare langrennsløpar) og Cathrine Larsåsen (stavhoppar).

Dei byrjar ferda si nordover i Lindesnes andre november, og fredag kveld kom følgjet til Rosendal.