Køyrte med bil i løypetraseen

Slik såg det ut i løypetraseen i Tveitedalen i dag. (Foto: Håkon Askeland).

Slik såg det ut i løypetraseen i Tveitedalen i dag. (Foto: Håkon Askeland).

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Idrettslaget Ternen fortvilar etter at nokon har køyrt bil midt i løypetraseen i Tveitedalen i dag, søndag.

"Ein har i helga prøvd å leggja til rette for løypekøyring og såle for vinteren. Det er då særs fortvilande når nokon absolutt må køyra bil i løypetraseen. Om nokon treng hjelp til transport ved skitilhøve, er det råd å få hjelp, slik at ikkje løypene vert rasert! Kontakt oss i Ternen så hjelper vi gjerne", står det på Idrettslaget Ternen si Facebook-side.

Om det er tankeløyse eller bevisst skadeverk veit ikkje dei i idrettslaget, men dei håpar folk er bevisste, så det ikkje skjer igjen.

– Dette er ekstra keisamt når det no er meldt kaldt og ein prøver å leggja til rette før kuldeperioden. Det kan være avgjerande for årets sesong, for vi driv jo med marginale forhold, seier Julie Holmedal Askeland til Kvinnheringen.

Ho legg til at det blei brukt tre timar på fredag, tre timar på laurdag og to i dag, søndag, på dugnadsarbeid for at alle skal få glede av anlegget i Tveitedalen.

Artikkeltags