Gå til sidens hovedinnhold

Talent i kø på UKM

Artikkelen er over 4 år gammel

UKM, eller «Ung kultur møtest» som mønstringa er omdøypt til, gjekk av stabelen i helga. Det vart ein god dokumentasjon på at musikk- og danseaktiviteten er høg blant ungdomen i Kvinnherad. Sjekk kven som kom vidare til fylkesmønstringa!

50 deltakarar var med, fordelte på 16 sceneinnslag. Her fekk ungdomane visa seg fram offentleg og med ei profesjonell ramme. For mange kan det kanskje verka skræmande å opptre der oppe på scena framfor eit publikum på 250.

– Det er veldig kjekt å opptre for ei så stort publikum, men litt skummelt er det jo. Eg synes framføringa gjekk veldig fint, sa Maia Fredheim.

Songfuglen frå Rosendal deltok på UKM for andre gong.

Fleire av dei vi snakka med etter konserten, fortalde at dei var nervøse før dei skulle på scena, men at når dei først var komen på scena, så fekk dei eit energikick. Mange av dansarane, songarane og musikarane var så sjølvsikre og talentfulle at ein skulle tru at dei aldri hadde gjort noko anna enn å stå på ein scene. Det var stor variasjon både i musikken og dansen som vart framførd.

Brede Grønningen og Trym Vårdal losa publikum gjennom førestillinga på ein lun og fin måte.
– Dommarane som skal avgjera kven som går vidare til fylkesfinalen, får ein vanskeleg jobb, sa ordførar Peder Sjo Slettebø då han avslutta seansen i Kulturhuset Husnes.

Dommarane i juryen var: Trude Hege Bergesen, Jorun Larsen, Dialdos Dahle og Arve Rødland.

I ei pressemelding skriv juryen at den er imponert over nivået på årets UKM. Det var stor variasjon i innslaga, og kvaliteten var høg. Nokre av innslaga skal sendast vidare til Fylkesmønstring i Bergen  28.–30. april. Innslaga som vert sende vidare skal visa fram noko av breidda som var på lokalmønstringa. Om juryen har eit bodskap til alle deltakarane, så er det; våg å sleppa deg meir laus på scena, vis at du trivst og bruk meir av golvet!

Juryen har difor bestemt at desse skal representera Kvinnherad på fylkesmønstringa:

Sol og Nor: (dans): Juryen var imponert over koreagrafien og samspelet. Nummeret var nøye gjennomtenkt, og dei klarte å fortelja ei historie.

Maia Fredheim (song): Juryen seier at Maia har ein enormt sterk vokal for å vera berre 14 år, dei ser klart potensial hos Maia.

Celina Prestnes Ersland (song og flygel): Juryen var imponert over stemma til Celina, den viste råskap og songen ho hadde valt stod godt til stemma, og spelinga var bra.

Jan Halvor Moss (flygel): Her seier juryen at dei ser stort potensial. Han går sine eigne vegar, det er bra. God presisjon.

Signe Warberg (arrangør): Kreativ, punktleg og utruleg arbeidsvillig.

Juryen hadde ynskje om å senda vidare Mhodzi Marima og Cold Chase, men dette viste seg å vere umogeleg då gruppene er utanlands under mønstringa.

Kommentarer til denne saken