Gå til sidens hovedinnhold

No kan du melda deg på UKM 2018

Artikkelen er over 3 år gammel

UKM (Ung kultur møtest) er eit flott arrangement for barn og ungdom som har noko å visa fram innanfor til dømes song og musikk, dans og bildekunst, og årets lokale mønstring går av stabelen i kulturhuset på Husnes 10. mars.

Så langt har eitt band meldt seg på, og arrangørane håpar på mange fleire innan fristen som er 20. februar.

Nokre av deltakarane frå Kvinnherad går etterpå vidare til fylkesmønstringa, og i år er også den lagt til Husnes, nærmare bestemt 20.-22. april.

Kommentarer til denne saken